Direct Connect er nærmast blitt eit skjellsord i Sauda. Sjølv om det er relativt få av innbyggarane som abonnerer på nettløysinga har mange engasjert seg i saka. Kundane har vore frustrerte og fleire har vore så oppgitt at dei har signalisert at dei vil flytte. Det er ikkje vanskeleg å forstå. Dei aller fleste av oss har gjort oss avhengige av dagleg bruk av verdsveven. Vi bruker internettet til langt meir enn leik og moro.
Etter fleire lovnader om at dårlege nettsignal skulle betra seg har leverandøren ved fleire høve vist at han ikkje klarer å innfri. Nå har kommunen strekt ut ei hjelpande hand og gitt Direct Connect lov til å sette opp ein sendar på toppen av rådhustaket. Bakgrunnen for at kommunen blandar seg inn i saka er utan tvil ikkje for å hjelpe nettleverandøren, men heller eit ønske om å møte frustrasjonen hos abonnentane.
Lokalavisa har ved fleire høve skrive om denne saka. Det skal ikkje straffe seg å bu i grisgrendte strøk, og i 2012 bør det heller ikkje vere noko hindring. I og med at kommunen tydeleg er interessert i at innbyggarane skal vere nøgde og ikkje minst oppleve at det ikkje er bakdelar ved å bu i Sauda; er det då andre alternativ dei kunne retta fokus mot for å hindre at brukarar som bur utanfor dei mest tettbygde strøka igjen blir ramma av dårleg nett-tilgang? Kan kommunen til dømes gjere noko for å framskunde utbygginga av fiber? Om brukarane ikkje er veldig mange nå, vil ei slik tilrettelegging bidra til å gjere områda meir attraktive som bustad i framtida.